Annonse

Tilsynssaka etter Kongsberg-drapa vil ta eit halvt år

Statsforvaltaren i Oslo og Viken håpar å vere ferdig med tilsynssaka knytt til helsehjelpa drapssikta Espen Andersen Bråthen har fått, innan seks månader.

Annonse

Helseavdelinga til forvaltaren har varsla Kongsberg kommune og Vestre Viken helseføretak om at det blir opna tilsynssak etter drapa på Kongsberg.

– Vi ber i første omgang om informasjon om kontakten den sikta har hatt med helsevesenet frå januar 2018 og fram til i dag, skriv Statsforvaltaren i ei pressemelding.

I første omgang ber forvaltaren om informasjon frå dei to etatane, med svarfrist 8. november.

(©NPK)