Klargjør siden...

To menn dømt for Jodel-truslar mot skule

(NPK-NTB): To menn på 18 og 20 år frå Evje i Aust-Agder er dømt til 30 dagars fengsel utan vilkår for å ha framsett truslar mot ein vidaregåande skule via mobilappen Jodel.

Politiet fekk hjelp av Jodel til å spore mennene, og 18-åringen varsla sjølv då han skjønte dei vart avslørt, skriv NRK.

I trusselen som vart framsett på mobilappen Jodel, heitte det at to bomber skulle gå av ved Setesdal vidaregåande skule klokka 8.15 onsdag 30. mars. I ei anna, anonym melding blir trusselen «bekrefta» (©NPK).

Annonse