Annonse

To millionar ekstra til tiltak mot jødehat i Noreg

Regjeringa set av to millionar kroner ekstra til tiltak mot antisemittisme i Noreg i det endelege budsjettet for neste år.

Tysdag vart regjeringspartia samde om å flytte på totalt 200 millionar i statsbudsjettet for 2020. To millionar skal gå til å styrke handlingsplanen mot antisemittisme, som regjeringa i september vedtok å forlenge og vidareføre, skriv Dagen.

Først foreslo regjeringa 3,7 millionar kroner til dette for neste år, men etter høyringsinnspel er det no lagt på ytterlegare to millionar kroner.

- Vi har sett at det har vore gode tiltak som er sett i gang, ikkje minst i regi av Det Mosaiske Trossamfunn, seier KrFs parlamentariske leiar Hans Fredrik Grøvan, til Dagen.

Han viser til at trussamfunnet har utdanna jødiske vegvisarar, som ofte er unge som reiser rundt på skular og underviser om kva det vil seie å vere jøde i Noreg og om historia til jødane.

- Det er eit viktig tiltak som vi ønsker å styrke. Vi vil òg vidareutvikle nettstaden jodedom.no og tilbod om besøk i synagogen, seier Grøvan.

(©NPK)

Parlamentarisk leiar Hans Fredrik Grøvan seier regjeringa er vorten samde om totalt to millionar kroner ekstra til tiltak mot antisemittisme i Noreg.
Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix