Annonse

Sorg i Fauske etter to dødsulykker på kort tid

Fauske kommune opprettar kriseteam etter at to menn omkom i eit snøskred. I februar mista to tenåringar livet i ei trafikkulykke i same kommune.

Annonse

- Det er ufatteleg trist, fortel Fauske-ordførar Jørn Stene til Avisa Nordland.

Dei to mennene køyrde anleggsmaskiner på ein veg i området då det gjekk eit 200 meter breitt snøskred ved Durmålstinden austom Straumvatnet i 12-tida tysdag. Nokre timar seinare vart dei to funne omkomne.

- Slike hendingar rører oss alle. Det er veldig tungt for oss som sit oppe i det, spesielt dei næraste. Ulykkene har sett djupe spor i kommunen, seier Stene.

Februar-ulykke

I februar omkom to 18-åringar, Alexander Sollihaug og Elias Dypaune, i ei trafikkulykke på E6 i Saltdal. Hendinga skaka lokalmiljøet. Det vart halde minnestund i Fauske kyrkje, og kommunen etablerte eit kriseteam.

- Vi har nesten ikkje landa etter den førre dødsulykka, før vi på ny er ramma av ei ny dødsulykke. Det å få slike nyheiter er vondt kvar gong, seier Stene.

Anleggsmaskiner

Det var ein privatperson som varsla om skredet på tysdag. Redningspersonell frå brannvesen, politi og frivillige vart frakta inn til staden og fekk raskt lokalisert kvar gravemaskina og hjullastaren var gravlagt i snøen, om lag 15 meter frå vegen.

- Med mellomrom på få minutt vart dei to mennene grave ut og stadfesta omkommen, seier stabssjef Bent Are Eilertsen i Nordland politidistrikt i ei pressemelding.

Han opplyser at dei pårørande vart oppdaterte undervegs i leiteaksjonen.

- Dei næraste pårørande vart varsla om ulykka før dei omkomne vart funne og er informert om at dei to er funne omkomne, seier Eilertsen.

Krisestab

Sørfold kommune har sett krisestab. Formannskapsmøtet på tysdag vart avbrote etter at meldinga om raset kom.

Politiet har åtvara mot å køyre bil inn til skredet på grunn av hengande snømassar i området. Sjølv måtte dei nytte eit Sea King-redningshelikopter for å frakte inn redningspersonell, hundar og utstyr på grunn av dei vanskelege forholda.

Over 40 personar arbeidde på staden gjennom leiteaksjonen på tysdag.

Bilvegen opp til Durmålstinden er stengt på grunn av snøskredfare. I heile regionen melder Varsom.no om stor snøskredfare.

(©NPK)

To menn omkom i snøskredet som gjekk i Sørfold i Nordland tysdag. Dei omkomne blei funne i «tunga» til raset, som synest midt på bildet. Begge køyrde anleggsmaskiner på ein veg i området då det gjekk eit 200 meter breitt snøskred ved Durmålstinden aust for Straumvatnet. Foto: Kent Even Grundstad / NTB scanpix