Annonse

To personar sikta for hallikverksemd i Bergen

(NPK-NTB): Ein mann og ei kvinne er sikta for å ha fremja prostitusjon og hatt ei leilegheit disponibel til dette formålet i Bergen.

Eit stort pengebeløp, datamaskinar og telefonar er mellom det som er beslaglagt i leilegheita som skal ha blitt brukt til prostitusjon, skriv Bergensavisen.

Tysdag blei dei to arrestert etter at politiet over lengre tid har spana på leilegheita. Framleis er politiet i ein tidleg fase av etterforskinga, og fleire vitneavhøyr står igjen.

– Det eg kan seie, er at det er gjort relevante beslag i saka. Mellom anna eit stort pengebeløp, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim.

Dei to sikta har ifølgje BA ein nær relasjon til kvarandre, og kvinna skal tidlegare ha blitt dømt for liknande forhold. (©NPK)

Annonse