Annonse

To regionsparebankar hevar bustadlånsrenta

Både SpareBank 1 SMN og SpareBank 1 SR-Bank aukar renta på bustadlån med 0,25 prosentpoeng. Dermed har fire banker så langt heva renta.

- Vi trur denne endringa er forventa frå kundane og at dei fleste raskt vil kunne innstille økonomien på noko auka kostnader, seier konserndirektør Svein Tore Samdal i SpareBank 1 SMN i ei pressemelding.

SpareBank 1 SMN tilpassar samtidig rentene på enkelte innskotsprodukt med inntil 0,25 prosentpoeng.

Ifølgje Nettavisen melder SpareBank 1 SR-Bank måndag ettermiddag at bustadlånsrenta går opp med inntil 0,25 prosentpoeng.

Sist fredag var DNB først ute med å auke renta på bustadlån etter at Noregs Bank heva styringsrenta med 0,25 prosentpoeng. Like etter følgde SpareBank 1 Østlandet etter.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix