Annonse

To ulvar skotne i Hedmark

To ulvar er felt i Rendalen i Hedmark som ein del av den såkalla lisensjakta.

Ulvane, ei tispe og ein hann, vart skotne søndag ettermiddag, skriv Nationen.

Dei var utanfor området som er definert som ulvesone, og dermed tel dei inn på kvota for jakt utanfor sona i Hedmark og Akershus. Det er no eitt dyr igjen på denne kvota.

Det er styresmaktene som regulerer kor mange ulv som kan skytast. Jakta innanfor sona for ulv startar 1. januar, mens jakta utanfor varer frå 1. oktober til 31. mars.

Måndag skal regjeringa halde ein pressekonferanse om lisensfelling av ulv der dei skal presentere nye kvotar for ulvejakta.

(©NPK)