To unge menn stukne med kniv på trikk i Göteborg

To unge menn vart onsdag stukne med kniv på ein trikk i Göteborg, opplyser politiet. Ein person er arrestert.

Politiet fekk varsel om mishandling med kniv, og vel ein time seinare vart den antekne gjerningsmannen arrestert. Ambulansen kom raskt til staden, og ein av dei skadde vart teken med til sjukehus.

Tilstanden til dei to er uviss.

- I samband med arrestasjonen beslagla politiet ein kniv som kan vere stikkvåpenet som vart brukt på trikken, seier pressetalsperson i politiet Ulla Brehm, ifølgje Göteborgs-Posten.

Dei to skal kjenne gjerningsmannen og gav eit godt signalement til politiet. Han vart sett i det han hoppa på ein annan trikk med kurs for sentrum.

(©NPK)