To veker varetekt for korrupsjonssikta i Nortura-saka

Ein 56 år gammal Nortura-tilsett er varetektsfengsla i to veker, sikta for grov korrupsjon for å ha tatt imot bestikkingar. Ein 54-årig mann er òg sikta i saka.

Fengslingsmøta for dei to mennene vart haldne i Oslo tingrett fredag ettermiddag.

Den Nortura-tilsette vart varetektsfengsla i to veke med brev- og besøksforbod. I tillegg er han underlagt delvis isolasjon ved at han ikkje får ha kontakt med den medsikta.

Har erkjent å ha tatt imot lån

«Hensynet til bevisforspillelse gjør seg gjeldende selv om siktede samarbeider med politiet for å avklare sin rolle. Avhørene er ikke avsluttet verken av ham eller andre personer som er eller kan være involvert i saken», heiter det i rettsavgjerda.

Den sikta 56-åringen er tilsett i Nortura og har hatt ei salsstilling. Han har advokat Marius Dietrichson som forsvarer. Sikta har ifølgje rettsavgjerda erkjent å ha tatt imot betalingar som lån.

Rettsavgjerda ikkje klar

Fredag kveld opplyste forsvararen til den medsikta, advokat Ola Lunde, til NTB at han framleis ikkje hadde fått ei rettsavgjerd. Også for klienten hans har Økokrim bede om to veker varetekt. Årsaka er faren for at bevis kan gå tapt. Mannen nektar skuld etter siktinga.

54-åringen skal, etter det Nationen har kartlagt, tidleg på 2000-talet ha vorte straffedømt og fått næringsforbod etter at han vart funnen skuldig i smugling av store mengder kjøtt og i bedrageri sidan han fekk eksportstøtte for kjøtt som likevel vart selt i Noreg. Han vart òg dømd til å betale 73 millionar kroner tilbake til staten, ei gjeld som i dag skal ha vakse til 111 millionar kroner.

I dag jobbar 54-åringen i eit selskap som kona er oppført som eig av. Selskapet driv mellom anna med vidareforedling av lyst kjøtt for gatekjøkkenbransjen og uavhengige slakteforretningar.

(©NPK)

Ein tilsett i Nortura er sikta for å ha tatt imot bestikkingar, mens ein annan mann er sikta for å ha betalt han. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix