Dei norske hopparane er på plass i Oberstdorf der det er norske gullkandidatar i kvar einaste øving i skibakken under det kommande ski-VM.
I blanda lagkonkurranse i normalbakken i Schattenberg søndag 28. februar er Noreg storfavoritt etter sigeren i Rasnov laurdag. Noreg vann med over 23 poeng til næraste konkurrent.
Kven som utgjer det norske laget heng i lufta. I Rasnov var det Maren Lundby, Silje Opseth, Halvor Egner Granerud og Daniel-André Tande som fekk sjansen.
– Vi har fire jenter som alle er i bra slag. Både Thea (Minyan Bjørseth) og Anna (Odine Strøm) har vist solid hopping. Så har vi Maren (Lundby) og Silje (Opseth) som har eit stort potensial og har moglegheita til å stå pallen i eit VM, seier kvinnesjef Christian Meyer til NTB.
– Det er mykje som tyder på at dei to som var med laurdag er med der (i VM), men så har vi jo òg to andre sterke kandidatar som eg absolutt ikkje vil avskrive i det heile. Oberstdorf er ein ny plass og nye bakkar, og kva som skjer der er det ingen som veit enno, legg han til.
Ny situasjon
Meyer gler seg over at han har alternativ.
– Det blir spennande, og det er med glede at vi har fire gode kandidatar til eit mixed team-lag. Tidlegare har vi kanskje berre hatt éin eller éin og ein halv, seier han.
På herresida skal det mykje til om ikkje verdscupleiaren Granerud er ein av gutane. Elles er det svært jamt mellom Daniel-André Tande, Robert Johansson og Marius Lindvik.
Johansson, Lundby og Strøm var med på laget som tok bronse i Seefeld-VM i 2019 bak Tyskland og Austerrike.
– Halvor er jo den som har prestert best og som får sjansen på mixed-laget, men så er det Daniel, Robert og Marius. Vi har tre mann ved sida av Halvor som kan ta ein plass, så det er ganske ope, seier landslagssjefen for gutane, Alexander Stöckl.
– Det handlar litt om kven som finn ut av bakken best, og kven som presterer best i den individuelle konkurransen. Vi gjer det som vi gjorde det her (i Rasnov) og stiller med det best moglege laget, legg han til.
Medaljesjansar
Noreg har òg gode sigerssjansar i dei to individuelle renna til kvinnene og lagkonkurransen. Med verdscupleiar Halvor Egner Granerud i spissen er det gullsjansar òg i normal- og stor bakke og i lagkonkurransen på herresida.
Silje Opseth har vore ein sjølvskriven kandidat til sigerspallen i dei renna kvinnene har fått hoppa denne sesongen. Maren Lundby føler ho er på rett veg.
– Eg har litt å jobbe med inn mot meisterskapen, sa Silje Opseth etter hoppinga si i Romania der ho òg hadde ein andre- og ein tredjeplass.
– Eg er ikkje heilt der eg ønskjer å vere då eg sette meg målet om gull i Oberstdorf før sesongen. Eg føler eg har alle moglegheiter føre meisterskapen, sa Lundby.
Totningen er tittelforsvarar frå normalbakken for to år sidan.
Kvinnene innleier VM i Oberstdorf med det individuelle rennet sitt i normalbakken (HS106) torsdag 25. februar, medan gutane skal i aksjon laurdag 27. februar med det individuelle rennet sitt. Kvinnene skal òg ha lagkonkurranse fredag 26. februar.
Dei tre renna i storbakken blir avgjord i andre VM-veka.
(©NPK)
Noreg med Halvor Egner Granerud, Daniel-André Tande, Silje Opseth og Maren Lundby må reknast som ein stor favoritt til VM-gullet i den blanda laghoppinga. Foto: Raed Krishan / AP / NTB