Togselskapet Go-Ahead må permittere tilsette

Eit kraftig fall i talet på reisande fører til at togselskapet Go-Ahead har sendt ut permisjonsvarsel til fleire tilsette.

Koronapandemien og dei smittereduserande tiltaka til styresmaktene har gjort at talet på passasjerar på Sørlandsbanen, der Go-Ahead driftar Sørtoget, har gått kraftig ned, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Selskapet held fram med å køyre tog sidan det er samfunnskritisk at folk som må på jobb, kjem seg på jobb, men med ein nedgang på 90 prosent i billettinntektene ser selskapet seg nøydde til å permittere tilsette.

– Permisjonar har vi prøvd å unngå så lenge som mogleg, men no kunne vi dessverre ikkje utsetje det lengre, seier administrerande direktør Cathrine Elgin i Go-Ahead Noreg.

Permisjonane svarer til 66 årsverk og blir gjeldande frå 14. april.

(©NPK)

Sørtoget går framleis på Sørlandsbanen, men togselskapet Go-Ahead ser seg nøydde til å permittere tilsette etter at billettinntektene har gått ned med 90 prosent.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix