Annonse

Togtrøbbel på Austlandet

Det er forseinkingar i togtrafikken på fleire strekningar på Austlandet på grunn av fleire signalfeil, ifølgje Bane Nor.

Ein kabelfeil på Østfoldbanen gjer at cirka 400 meter med kabel gjennom Kolbotn stasjon må bytast.

På Kongsvingerbanen var det signalfeil, men denne er retta.

På Østfoldbanen mellom Oppegård og Holmlia er det færre spor i bruk på grunn av signalfeil. Fredag kveld opplyser Bane Nor at feilen er retta, men at det vil vere forseinkingar og innstillingar utover kvelden.

(©NPK)