Klargjør siden...

Tolv av dei evakuerte babyane frå Gaza er flogne til Kairo

Tolv av dei 28 premature spedbarna som måndag vart evakuerte frå Gazastripa, har vorte flogne til Kairo, opplyser WHO.

I alt 31 for tidleg fødde babyar vart søndag evakuerte frå Shifa-sjukehuset, som no ligg midt i krigssona i Gaza by.

Måndag kom 28 av dei over grensa til den egyptiske byen al-Arish, medan tre vart igjen på Gazastripa der dei får behandling på Emarati-sjukehuset sør i enklaven.

Seinare på måndagen opplyser WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus på X at tolv av babyane som vart evakuerte til Egypt, har vorte flogne vidare til Kairo.

– Alle babyane har alvorlege infeksjonar og andre lidingar, og dei har behov for spesialistbehandling, skriv Tedros.

Ingen av dei premature babyane har ifølgje WHO følgje av foreldre eller andre slektningar, fordi helsestyresmaktene i Gaza ikkje greidde å få kontakt med dei i krigskaoset som rår.

Helsepersonell på eit sjukehus i Rafah på Gazastripa gjer klar papir før 28 for tidleg fødde spedbarn blir evakuerte til Egypt måndag. Foto: Fatima Shbair / AP / NTB

Åtte av dei 28 premature spedbarna som måndag vart evakuerte frå Gazastripa til Egypt. 12 av barna vart seinare på dagen flogne til Egypts hovudstad Kairo. Foto: Fatima Shbair / AP / NTB

Annonse