Annonse

Tolv skiskyttarar til verdscupopninga i Östersund

Skiskyttarstjerna Johannes Thingnes Bø frontar ein sterk norsk tropp til verdscupopninga i svenske Östersund i starten av desember.

I troppen er det få overraskingar. Herrelaget blir som venta med dei seks seniorlandslagsløparane: Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Lars Helge Birkeland, Erlend Bjøntegaard, Vetle Sjåstad Christiansen og Johannes Dale.

Endre Strømsheim og Aleksander Fjeld Andersen, som begge markerte seg sterkt under sesongopninga på Sjusjøen i helga, er plukka ut som reservar.

På kvinnesida står rutinerte Synnøve Solemdal i fare for å bli vraka frå verdscuplaget. Ho og Thekla Brun-Lie skal gå IBU-cup til helga på Sjusjøen og kjempar om den sjette og siste plassen i troppen.

Elles er desse løparane tatt ut: Tiril Eckhoff, Marte Olsbu Røiseland, Ingrid Landmark Tandrevold, Emilie Kalkenberg og Karoline Knotten.

Verdscuprunden i Östersund opnar med mixed-stafettar 30. november og held fram med sprint (1. desember), normaldistanse (4. og 5. desember) og stafettar (7. og 8. desember).

(©NPK)

Tarjei Bø (til høgre) og Johannes Dale er blant løparane som skal gå verdscupopninga i skiskyting i Östersund. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix