Toppklubbar slepp å betale pyrobøter – benåda av NFF

Rosenborg og ti andre norske fotballklubbar kan sjå bort frå bøter dei er pålagde av Norges Fotballforbund for ulovleg bruk av pyroteknikk.

NFF opplyser på nettsidene sine at forbundsstyret har vedteke å frita klubbane frå å betale bøtene dei er pålagde. Fritaket gjeld ikkje saker som omhandlar kasting av gjenstandar på banen og påtenning av banner.

Lillestrøm, Start, Sogndal, HamKam, Rosenborg, Mjøndalen, Viking, Strømsgodset, Stabæk, Brann og Vålerenga er alle pålagde bøter som no blir strokne.

I samband med avgjerda tek òg NFF noko sjølvkritikk for handteringa si av debatten rundt bruk av pyroteknikk.

– Klubbane prøvde å ta tak i utfordringa etter beste evne, men benådinga er ingen aksept frå NFFs side for aksjonane frå supporterane. Det er likevel ei erkjenning av at NFF òg må ta delen sin av ansvaret for at dialogen med supporterane ikkje har vore så god som ønskjeleg, og dessutan eit ønske om at vi no skal sjå framover og jobbe fram eit nytt regelverk som både tek vare på omsyn til tryggleik og ønsket om meir stemning på tribunen, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt.

Unntaket

Diskusjonane rundt bruk av pyroteknikk vart svært oppheita etter lokaloppgjeret mellom Vålerenga og Lillestrøm i eliteserien i oktober i fjor. Kampen på Åråsen måtte stansast to gonger på grunn av uro på tribunane.

I vekene som følgde vart det kasta bluss inn på banen under fleire eliteseriekampar, og også under EM-kvalifiseringskampen mot Færøyane 15. november vart det tent mange bluss på tribuneseksjonen bak det eine målet på Ullevaal stadion.

NFF kallar tilstandane i kjølvatnet av kampen på Åråsen «aksjonsliknande». No blir fleire benåda av klubbane som vart pålagde bøter.

Unntaket er altså saker som omfattar kasting av gjenstandar. NFF skriv at dette «vanskelig kan hevdes å være en aksjon for å tvinge fram et nytt reglement for bruk av pyroteknikk».

– Kasting på banen med dei følgja det får for utsetjingar og avbrot, er ein trussel mot vårt eige produkt. Det kan vi ikkje la passere, seier generalsekretær Bjerketvedt.

Nytt utkast til regelverk

Allereie i kjølvatnet av bråket i fjor sette NFF ned ei prosjektgruppe som skulle jobbe med regelverket rundt bruk av pyroteknikk. Gruppa er sett saman av representantar frå Norsk Supporterallianse, klubbane, supporterkoordinatorar, Norsk Toppfotball og Norges Fotballforbund.

Det arbeidet er no i ferd med å materialisere seg i eit nytt utkast til felles reglar.

– Utvalet har jobba fram eit utkast til pyroreglement som skal sørgje for så trygg og sikker bruk av pyroteknikk som mogleg innanfor dei rammene som supporterane og klubbane ber om. Dialogen med styresmaktene er oppretta, og held fram utover hausten, seier Bjerketvedt.

Det er til sjuande og sist norske styresmakter som bestemmer kva som er tillate og ikkje tillate på området.

(©NPK)

Mange norske fotballklubbar har fått sletta pyrobøtene sine. Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB