Annonse

Toril Marie Øie er ny høgsterettsjustitiarius

(NPK-NTB): Toril Marie Øie (55) er utnemnt til ny justitiarius i Høgsterett og blir dermed den første kvinna som leier Noregs øvste domstol.

Øie, som har vore høgsterettsdommar sidan 2004, vart utnemnt i statsråd fredag.

Ho tek over stillinga, rekna som den fjerde mektigaste i landet, etter Tore Schei (69) som går av for aldersgrensa ved utgangen av februar.

Prosessen med å finne etterfølgjaren til Schei har pågått sidan oktober i fjor. Åtte personar søkte stillinga.

Utnemningsprosessen har blitt kritisert for å vere lukka og for å bli gjennomført av ukjente instansar og etter ukjente reglar. Det har også vore frykt for ei politisert avgjerd etter at det vart kjent at justisminister Anders Anundsen ønskte ei utgreiing av synet til kandidatane på Høgsteretts rettspolitiske rolle, og at han ville diskutere utnemninga med presidentskapen i Stortinget.

Øie har tidlegare arbeidd i Justisdepartementets lovavdeling som avdelingsdirektør og leiar av Eining for strafferett og prosess.

Ho har også vore tilsett i ei bistilling ved Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo som førstelektor II og har skrive fleire bøker. (©NPK)