Annonse

Tottenham stadfestar: Son har reist til Sør-Korea for å fullføre verneplikta

Måndag ettermiddag stadfesta Tottenham at den mektige sørkoreanaren deira Son Heung-min har drege heim til Asia for å avtene verneplikta.

Han skal ha fått lov til å returnere til heimlandet av arbeidsgivaren i London, og det skal ikkje vere snakk om nokon ferie. Han reiste til Sør-Korea i slutten av mars.

Det stadfestar Tottenham sjølv på nettsidene sine, etter at fleire engelske medium melde dette torsdag.

Det dreier seg om ein fire veker lang verneplikt, som Son vil avtene medan det er koronapause i Premier League. Til så lenge er Son i karantene i heimlandet, men Tottenham skriv på nettsidene sine at verneplikta først går i gang i mai.

Alle menn som er fysisk i stand til det skal avtene toårig verneplikt i forsvaret i Sør-Korea. Son gjorde seg fortent til å sleppe unna den forpliktinga då han var med å vinne Asia-meisterskapen i 2018. Dei fire obligatoriske vekene der er snakk om i dette tilfellet er visstnok eit unntak som alle uansett må igjennom.

Son Heung-min kom til Tottenham i 2015. På 220 kampar har det vorte svært solide 83 mål og 44 målgivande pasningar.

Tottenham er plassert på 8.-plass i Premier League. Serien er førebels sett på pause fram til 30. april. Få trur at han kan komme i gang igjen allereie då.

(©NPK)

Tottenhams José Mourinho har sendt ein av dei beste spelarane sine til Asia. Foto: Michael Sohn / AP / NTB scanpix.