Annonse

Tour de Ski-troppen blir teke ut denne veka

Mange langrennsløparar kjempar om plass i den norske troppen til Tour de Ski, som startar i romjula.

Blant dei er samanlagtleiarane etter opningsrenna i Skandinavisk Cup, Martin Løwstrøm Nyenget og Anna Svendsen.

Tromsø-løpar Svendsen vann sprinten på fredag og følgde opp med niandeplass på 10 kilometer fri teknikk søndag. Nyenget vart nummer seks på sprinten og fire på 15-kilometeren i fri teknikk.

Fleire av landslagsløparane har signalisert at det kan vere aktuelt å droppe det tøffe rennprogrammet før og etter nyttår for å fokusere på VM i Seefeld. Det kan opne for løparar som Nyenget og Svendsen.

Johaug i tenkjeboksen

Det er venta at Skiforbundet presenterer den norske Tour-troppen i løpet av denne veka. Uttaket kan komme så tidleg som tysdag eller onsdag.

I samband med verdscuprennet til helga i Davos sa Therese Johaug at heller ikkje ho er heilt sikker på at det blir Tour-start.

Johannes Høsflot Klæbo har fleire gonger sagt at det freistar å gå Touren, men at han ventar med å ta den endelege avgjerda til rett før det norske uttaket. 22-åringen vil vurdere totalbelastinga.

Haga-nei

Av dei norske kvinnene er den dobbelte OL-meisteren Ragnhild Haga den som har vore tydelegast på at det ikkje blir aktuelt å gå Tour de Ski. Åsen-løparen hadde suksess med å droppe Touren før vinterleikane i Sør-Korea sist sesong, og ho vel truleg same opplegg før Seefeld-VM.

Ein annan dobbelt OL-vinnar, Simen Hegstad Krüger, har òg sagt at han vurderer å droppe renna i Italia, Sveits og Tyskland.

Martin Johnsrud Sundby sa på si side til NRK søndag at han er overraska over at enkelte vel å droppe det som merksemdsmessig for langrennsporten er nokre av dei viktigaste renna i løpet av vinteren.

(©NPK)

Anna Svendsen har imponert i Skandinavisk Cup og er aktuell for Tour de Ski. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix