Annonse

Tre barn døydde under leik i djupfrysar i Florida

Tre barn døydde etter å ha vorte innestengt i ein djupfrysar under leik i byen Live Oak i Florida. Dei døydde truleg av luftmangel.

Det skriv NBC News.

Dei klatra opp i frysaren, men klarte ikkje å opne han innanfrå. Frysaren var ikkje kopla til straum.

Barna var 1, 4 og 6 år gamle.

Mora til 4-åringen seier til NBC at ho var ute og hadde oppsyn med barna mens dei leika, men at dei var borte då ho kom ut igjen etter å ha vore inne på toalettet.

Då vekte ho bestemora til dei to andre barna, og saman brukte dei mellom 30 og 40 minutt på leite etter dei før dei sjekka i frysaren. Det vart utført førstehjelp på staden, men liva stod ikkje til å redde.

Live Oak ligg i Suwannee County i Florida.

(©NPK)

Heimen der dei tre barna blei funne døde i ein djupfrysar i byen Live Oak i Florida. Foto: Lauren Bacho / The Gainesville Sun via AP / NTB scanpix