Tre hopparar vidare på Lillehammer

Silje Opseth, Anna Odine Strøm og Thea Minyan Bjørseth kvalifiserte seg til verdscuprennet i hopp på Lillehammer på laurdag.

Det var også dei same tre som var med i verdscupopninga i Nizjnij Tagil i Russland sist helg. Då vart det ingen topplasseringar for Noreg, men Opseth hoppa godt søndag.

Fredag hoppa ho også godt då ho med eit hopp på 93,5 meter var tredje best i kvalifiseringa. Strøm vart nest beste norske på tolvteplass med eit hopp på 88 meter, medan Bjørseth hoppa 80 meter.

Heidi Dyhre Tråserud, Frida Berger, Karoline Skatvedt og Ingrid Hordvik Kleven var også tekne ut til rennet på heimebane, men ingen av dei greidde å kvalifisere seg til rennet på laurdag.

(©NPK)

Silje Opseth på Lillehammer.
Foto: Geir Olsen / NTB