Annonse

Tre i karantene etter koronasmitte ved Ila fengsel

Tre personar er i karantene etter at ein tilsett ved Ila fengsel har fått påvist korona.

Dei tre er tilsette. Heile avdelinga med elleve innsette skal testast, opplyser direktør Lise Sannerud for Kriminalomsorgsdirektoratet til Dagbladet.

Fengselet innførte i mars strenge rutinar for å hindre eit smitteutbrot. Mellom anna vart det stopp i alle besøk, permisjonar og framstillingar. All undervisning og aktivitetar vart òg sette på pause.

(©NPK)

Ein tilsett ved Ila fengsel har testa positivt for korona. Tre tilsette er i karantene og heile avdelinga med elleve innsette skal testast. Foto: Vegard Grøtt / NTB scanpix