Annonse

Tre nye meldingar om sjuke hundar

Mattilsynet har sidan torsdag fått tre nye meldingar om sjuke hundar i samband med sjukdomsutbrotet.

Annonse

Dei tre hundane har liknande symptom på sjukdom, og tilfella er frå Akershus og Troms. Dette er tilfelle som er melde direkte til Mattilsynet, og ikkje som tilbakemelding via spørjeundersøkinga som er sendt ut til veterinærar rundt om i landet.

Ifølgje tal frå spørjeundersøkinga har det så langt vore minst 173 tilfelle med blodig diaré hos hundar sidan 1. august. Alvorsgrada er varierande.

Så langt er anslagsvis 43 hundar, frå tolv ulike fylke, med liknande symptom på sjukdom døde, ifølgje Mattilsynet. Kartlegginga viser at det er nesten 90 ulike hunderasar som har hatt liknande symptom.

- Dette seier noko om kor utfordrande det er å finne eventuelle fellestrekk eller samband mellom sjukdomstilfella. Vi jobbar hardt med å finne ut av kva som er årsaka til sjukdomstilfella, men det er ikkje sikkert vi klarer å peike på noko spesifikt, seier Ole-Herman Tronerud, seniorrådgivar og veterinær i seksjon dyrehelse i Mattilsynet i ei pressemelding.

(©NPK)

Veterinærinstituttet har obduserte fleire hundar som ein mistenker er ramma av ein framleis ukjent sjukdom. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix