Tre omkom i tornado i Missouri

Minst tre menneske har omkomme etter at ein kraftig tornado slo inn over den amerikanske delstaten Missouri.

I Missouris hovudstad Jefferson City vart innbyggarane bedne om å gå i tilfluktsrom eller søke ly på anna vis. Også i nabodelstatane Oklahoma og Kansas gjekk alarmen.

Tornadoen vart følgd av kraftig vind, regn og hagl, og i tillegg vart det meldt om uvanleg mange lynnedslag.

I Golden City, 270 kilometer sørvest for Jefferson City, omkom tre menneske. I Carl Junction er det fleire skadde, opplyser Missouri Department of Public Safety.

Det blir òg meldt om store materielle øydeleggingar, straummaster og tre som er blåsne over ende, straumbrot og sperra vegar.

Redningsmannskap går frå dør til dør i enkelte område for å undersøke om nokon er sperra inne i husa sine. Det er send ut åtvaring om fare for flaum som følgje av den kraftige nedbøren.

(©NPK)

Ein kraftig tornado, etterfølgd av store nedbørsmengder, har kosta menneskeliv og ført til store materielle skadar i Missouri, Oklahoma (bildet) og Kansas. Foto: AP / NTB scanpix

Dette var synet som møtte innbyggarane i Carl Junction i Missouri seint onsdag. Foto: AP / NTB scanpix