Annonse

Tre personar koronasmitta i Halden

Tre personar i Halden er smitta med koronaviruset. Ein av dei trena på eit treningssenter i kommunen før vedkommande visste om smitta.

– Halden kommune ser at det no er fleire personar enn på lenge som er ramma av koronaviruset, seier kommuneoverlege Lasse Henriksen.

Fleire arbeidsplassar er ramma av smittetilfelle, og det blir jobba med å kontakte alle som må i karantene.

To av dei smitta er nærkontaktar av ein person som vart stadfesta smitta tidlegare i veka. Den tredje personen er truleg smitta i Askim der eit utbrot vart kjent denne veka, opplyser 398kt-smitte-i-Halden.aspx" target="_blank" rel="noopener noreferrer" style="">kommunen.45 haldensarar har vore smitta av koronaviruset sidan pandemien starta.

(©NPK)

Tre personar er bekrefta smitta med koronavirus i Halden, ifølgje kommunen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix