Annonse

Tre personar skadde då isras trefte tog i Hallingdal

Tre personar vart skadde då eit mindre isras trefte toget frå Bergen til Oslo tysdag ettermiddag mellom Bergheim og Flå i Hallingdal.

Annonse

Politiet rykte ut til Flå stasjon i 13-tida, etter at fleire ruter i ei vogn vart knuste medan toget var i fart. Mannskap frå Bane Nor har kontrollert strekninga og tog kan passere.

Bane Nor melder klokka 13.49 at toget har forlate Flå stasjon og køyrer mot Oslo.

- Det er skadar på toget og vi jobbar med å få oversikt over kva som har skjedd og kva vi skal gjere vidare, og om toget kan køyre eller om passasjerane må fraktast med buss, seier pressevakt Gina Scholz i NSB til VG.

(©NPK)