Klargjør siden...
Annonse

Tre personar skadde i tunnelulykke i Hordaland

(NPK-NTB): Tre personar er køyrde til sjukehus etter at to bilar var involverte i ei ulykke i Kolltveittunnelen i Fjell kommune i Hordaland måndag ettermiddag.

– Alle tre er køyrde til Haukeland universitetssjukehus. Skadeomfanget er ukjent, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Operasjonsleiar Bjarte Rebnord opplyser til NRK at ingen vart alvorleg skadd.

– Vi fekk melding om ulykka klokka 12.44. To bilar var involverte i ein kollisjon, og den eine bilen vart liggjande på sida. Eit eldre ektepar var fastklemt, men siste melding no er at dei har komme seg ut, seier Rebnord. (©NPK)