Annonse

Tre personar til sjukehus etter trafikkulykke i Samnanger

Ein person er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus etter ei trafikkulykke i Rolvsvåg i Samnanger i Hordaland.

To andre personar blir køyrde til sjukehus i ambulanse. Totalt var tre bilar involverte i ulykka.

- Ein varebil ligg på sida, medan to bilar har skadar i front. Vi veit ikkje enno kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NTB.

Skadeomfanget til personane er ukjent, men ifølgje operasjonsleiar kom alle seg ut av bilane på eiga hand.

Politiet melde om ulykka like etter 17.30 fredag kveld.

- Det er oljesøl og glatt på vegen etter ulykka, opplyser Magnussen.

(©NPK)