Tre rekorddagar på rad på børsen – ekspert trur ikkje toppen er nådd

For tredje dag på rad er hovudindeksen på Oslo Børs høgare enn nokon gong ved børsslutt. Den nye rekorden er 1.027,16 poeng, etter ein vekst på 1,33 prosent.

Det høgaste nivået hovudindeksen har vore oppe på denne veka, er 1,027,66 poeng.

Velstandsdagane på børsen må skuldast auka oljeprisar og internasjonal børsvekst, seier Nordeas sjefstrateg Erik Bruce.

– Eg trur ikkje det er på topp enno. Korleis oljeprisen utviklar seg blir heilt avgjerande for Oslo Børs. Eg trur Oslo Børs har meir å gå på. Eg trur ikkje det kjem til å gå rett opp kvar dag vidare, men på sikt har eg tru på at børsane skal vidare oppover, seier Bruce til NTB.

Ikkje redd for boble

Han fryktar ikkje at veksten på Oslo Børs er ein boble som vil sprekke og skade finansmarknaden.

– Nei, som eg ser det, er det ingen boble. Det er dei breie selskapa som tener gode pengar, som veks. Utsikten til inntening i bedriftene er ganske god, seier Bruce.

Oljeprisen fall noko torsdag, med 0,77 prosent til 66,75 dollar fatet. Samla sett har likevel eitt fat nordsjøolje vorte 5 dollar dyrare denne veka.

– Det er to ting som hjelper Oslo Børs: Det er for det første at det er gode tider på internasjonale børsar, og sjølvsagt at oljeprisen har stige mykje i det siste, seier Bruce.

Gigantane dreg lasset

Det er dei store selskapa som dreg lasset i børsens rekorddagar. Torsdag var giganten Equinor på omsetningstoppen. Equinor-aksjen styrkte seg med 3,9 prosent.

Equinor har ein ellevill børsveke, og aksjekursen har vakse med 9 prosent denne veka. Den store vinnaren på torsdag vart Byggma, som steig med 41,98 prosent.

Hydrogenselskapet Nel (ned 3,51 prosent) og salatprodusenten Kalera (ned 3,13 prosent) fall etter å ha gjennomført emisjonar.

Meir å hente

Oslo Børs var blant børsvinnarane totalt torsdag, sjølv om det òg var oppgang på andre europeiske børsar.

Bruce meiner oljeprisen kan halde fram med å stige, og at det er meir å hente i vekst i den internasjonale børsmarknaden. Det gir han tru på framleis vekst på Oslo Børs.

– Eg ville ikkje ha trekt meg ut fordi det er rekordar no, seier Bruce.

– Det er dei breie og store selskapa som står for veksten. Det er nokre nye selskap som kan vere for høgt prisa, men dei veg veldig lite på Oslo Børs, så det er nok ikkje dei som står for oppgangen no, seier Bruce.

Kva krise?

At aksjemarknaden opplever glansdagar midt i ein pandemi mange frykta ville leggje økonomien i brakk, er ikkje eit paradoks, meiner Bruce. Låge renter gjer børsane til ein attraktiv stad å plassere pengar ein får lite igjen for å setje i banken.

– Eg synest ikkje det er eit paradoks at børsane gjer det bra i denne krisa. Vi stengde ned økonomien, og forbrukarar og bedrifter har fått hjelp til å halde inntektene oppe. Mange var veldig bekymra for dei langsiktige effektane då krisa starta, men det ser ut til at vi kjem ut av dette utan dei store problema. Det er mykje takka vere sentralbankar og regjeringar som har støtta opp om økonomien, seier han.

Rekorden på tysdag lydde på 1.000,47 poeng ved børsslutt, medan det onsdag vart stengd på 1.013,63 poeng.

Det er gode dagar på Oslo Børs, men toppen er ikkje nådd enno, meiner Nordeas sjefstrateg Erik Bruce.
Foto: Erik Johansen / NTB