Historisk OL-gull til Flora Duffy frå Bermuda – minste nasjon med gull i sommarleikar

Flora Duffy frå Bermuda vann triatlon for kvinner i OL tysdag. Aldri før har ein utøvar frå ein så liten nasjon vunne gull i olympiske sommarleikar.

Øystaten i Karibia har vel 70.000 innbyggjarar. Det var ikkje berre den første gullmedaljen vunnen av ein utøvar frå Bermuda, men den første medaljen for ei kvinne derfrå. Frå før var det berre Clarence Hill som hadde teke medalje, då han vann bronse i boksing i 1976.

– Dette kjennest utruleg. Det gjer at alle skadane, dei tunge stundene og alle tårene var verd det. Det siste året har vore spesielt utfordrande, og eg kjende òg på forventningspresset, sa Duffy.

– Eg er så glad for at eg greidde å gjennomføre planen. Draumen min var ikkje berre å vinne gull for meg sjølv, men å ta den første gullmedaljen for Bermuda. Dette er større enn meg, og det er veldig kult.

Duffy avgjorde konkurransen på den avsluttande løpedelen. Det var ei klyngje på fem utøvarar som starta springinga samtidig, men på dei siste ti kilometrane med løpesko på beina var Duffy overlegent best.

Ho berre auka og auka til konkurrentane, og gliste frå øyre til øyre på oppløpet. 33-åringen var i mål etter ein time, 55 minutt og 36 sekund. Ho brast i gråt då gullmedaljen var eit faktum.

Brot og punktering

Til slutt var Duffy eitt minutt og 14 sekund føre Georgia Taylor-Brown, som tok sølv. Briten punkterte seint under syklinga, men var likevel stornøgd med sølv. Etter løpet avslørte ho at ho for berre 12 veker sidan brukte krykkjer etter eit trøyttleiksbrot i ankelen.

– Eg ville halde det for meg sjølv, for ein vil ikkje vise svakheitene sine overfor konkurrentane. Derfor kommuniserte eg berre at eg var sjuk, sa Taylor-Brown til PA.

Ho sa at ho måtte byggje seg opp att då ho endeleg kunne byrje å springe igjen.

– Det var langt frå perfekt, men eg var så klar som eg kunne vere då vi starta i dag.

Ho var ikkje førebudd på punkteringa som hende 2 kilometer før slutt i syklinga.

– Eg fekk panikk og visste ikkje kva eg skulle gjere. Eg sykla berre vidare på det flate dekket. Eg tapte nok 15 sekund til dei andre, sa ho.

Miller langt bak

Amerikanske Katie Zaferes vart nummer tre, eitt minutt og 27 sekund bak Duffy.

– Ho er i ein heilt eigen klasse, sa ekspert Mikal Iden i Discovery om Duffy.

Norske Lotte Miller var nummer 36 opp av vatnet, før ho avanserte fleire plassar på sykkelsetet. Miller fekk det tøft på den avsluttande springinga og enda til slutt på 24.-plass i OL-debuten sin, sju minutt og sju sekund bak vinnaren Duffy.

Triatlonen til kvinnene vart utsett eit kvarter på grunn av dårleg vêr med kraftig regn.

(©NPK)

Triatlonvinnar Flora Duffy med flagget til Bermuda etter OL-triumfen tysdag. Landet med vel 70.000 innbyggjarar er det minste som har fått ein gullvinnar i olympiske sommarleikar. Foto: David Goldman, AP / NTB

Flora Duffy spring jublande i mål som den første OL-vinnaren frå Bermuda. Aldri før har eit så lite land teke gull i olympiske sommarleikar. Foto: David Goldman, AP / NTB

Britiske Georgia Taylor-Brown jublar saman med dei to andre medaljevinnarane i triatlonen til kvinnene etter målgang tysdag. Vinnaren Flora Duffy til høgre, bronsevinnar Katie Zaferes med ryggen til. Foto: David Goldman, AP / NTB

Lotte Miller hjelper ein utmatta konkurrent etter å ha teke 24.-plass i triatlon for kvinner tysdag. Foto: David Goldman, AP / NTB