Annonse

Trier blir heidra under Stockholms filmfestival

Den norske regissøren Joachim Trier blir tildelt utmerkinga Visionary Award under årets utgåve av Stockholms filmfestival.

Annonse

Trier har tidlegare vorte heidra med festivalens Bronsehesten for beste film. Det skjedde både i 2015 og 2011. No er filmskaparen aktuell for meir heider – denne gongen med spelefilmen «Verdens verste menneske». Det blir svensk premiere under filmfestivalen som blir arrangert 10.- 21. november, melder TT.

I samband med visninga kjem regissøren òg til å delta i ein samtale på scena.

I prisgrunngivinga heiter eit at Joachim Trier er ein«nordisk visjonær som lykkes med å skildre sin samtid med glasklar presisjon og innsikt.»

Her heime får «Verdens verste menneske» premiere 15. oktober. Filmen hadde verdspremieren sin i Cannes i sommar, og der vart det stor ståhei. Renate Reinsve fekk – som første norske skodespelar nokosinne – prisen for beste kvinnelege skodespelar på den stjernespekka filmfestivalen.

(©NPK)

Frå Cannes til Stockholm: No blir det meir heider på regissør Joachim Trier i Sverige. Foto: AP