Klargjør siden...

Tripic ut med skade då grunnsolide Viking spelte uavgjort i Praha

Viking heldt favoritt Sparta Praha til 0–0 i Tsjekkia i 2. kvalifiseringsrunde til Conferenceligaen i fotball. Det kosta dyrt i form av skade på Zlatko Tripic.

I den tsjekkiske heksegryta i Praha demonstrerte rogalendingane godt forsvarsspel og tvinga Sparta Praha til 0–0 i den første i kampen i 2. kvalifiseringsrunde til Conferenceligaen.

Det betyr eit godt utgangspunkt før heimemøtet i Stavanger om éi veke.

Oppgjeret kan likevel bli spelt utan Zlatko Tripic, som etter ein time spelt i Tsjekkia måtte gå av bana med skade.

Eit Viking-lag utan Hammarby-aktuelle Veton Berisha vart trykka lågt frå start i Praha.

Heimelaget kom til den første sjansen i kampen då Lukás Haraslín fekk sendt av garde eit skot etter ei dårleg utboksing frå Patrik Gunnarsson. På streken fekk Viljar Vevatne klarert ballen vekk.

Få minutt før pause kom vertane til ei ny moglegheit. Tomás Wiesner fekk heade fritt etter eit hjørnespark, men Gunnarsson låg fint nede i hjørnet og fekk hindra med eit flott tigersprang.

Eit kvarter før slutt fekk Tomás Cvancara ein gyllen moglegheit til å vippe kampen i favøren av heimelaget, men hovudstøyten frå kort hald flaug over tverrliggjaren. Dermed enda det 0–0 i Praha.

Dersom Viking skulle ta seg vidare samanlagt, ventar anten Motherwell (Skottland) eller Sligo Rovers (Irland) i 3. kvalifiseringsrunde til gruppespelet i Conferenceligaen.

(©NPK)

Vikings Viljar Vevatne stod i vegen for ein av Sparta Prahas største moglegheiter i første omgang. Her frå ein eliteseriekamp tidligare i år. Foto: Annika Byrde / NTB

Annonse