Friski: Norsk dominans i slopestylekvalifisering i Italia

Det vart dobbelt norsk i kvalifiseringa til kvinnene til verdscuprennet i friski slopestyle i Italia. Blant mennene var det tredobbelt norsk i det eine heatet.

Johanne Killi var best i kvalifiseringa til kvinnene med 87,41 poeng, følgt av Sandra Eie med 83,60. Dei åtte beste i kvalifiseringa er klare for finalen på laurdag.

I kvalifiseringa til mennene var det to heat, og dei åtte beste i kvart heat tok seg til finale. Begge dei norske i det første heatet vart slått ut, men i det andre tok norske køyrarar dei tre første plassane med OL-meister Øystein Bråten i spissen.

Bråten var klart best med 90,15 poeng. Deretter følgde Birk Ruud med 86,00, medan Ferdinand Dahl tok tredjeplassen med 85,20. Dermed er det tre norske i finale.

Best av alle i kvalifiseringa var amerikanske Colby Stevenson, som fekk 90,86 poeng då han vann det første heatet.

Ulrik Samnøy (19.-plass), Christian Nummedal (26.), Mikkel Brusletto Kaupang (49.) og Eirik Sæterøy (50.) er utslått. Det same er kvinneløparane Tora Johansen (12.-plass) og Elvira Marie Ros (17.).

Seiseralm er ein stad der mange norske langrennsløparar og andre toppidrettsutøvarar har vore mykje på høgdetrening dei siste 30 åra.

Øystein Bråten tok OL-gullet i slopestyle under vinterleikane i sørkoreanske Pyeongchang i 2018.

(©NPK)

Øystein Bråten under OL-kvalifiseringa i Pyeongchang i 2018. Foto: Andreas Hillergren / TT / NTB scanpix.