Tromsø kommune har gjennomført synfaring på Roald Amundsen

Tilsette frå Tromsø kommune har onsdag vore på synfaring på hurtigruteskipet Roald Amundsen.

Synfaringa vart gjord i samarbeid med smittevernsenteret på Universitetssjukehuset Nord-Noreg, opplyste kommuneoverlege Kathrine Kristoffersen i Tromsø på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

– Det er gjort ei synfaring for å vurdere dei faktiske forholda på skipet, og for å vurdere kor godt skipet er eigna som karantene- og isolasjonsstad.

Det er òg planlagd ombordstiging med helsepersonell frå Tromsø kommune, som skal sjå til mannskapet om bord.

– Vi kjem til å gjennomføre kliniske undersøkingar og samtalar, sa Kristoffersen.

(©NPK)