Annonse

Tromsø vann igjen – fekk luft til nedrykksplass

Tromsø tok styringa heime mot Odd i Eliteserien onsdag. Skåringar av August Mikkelsen og Ebiye Moses skilde laga i «gutans» 2-0-siger.

Tromsø kom til kampen mot Odd etter ein fersk siger mot nedrykkstrua Mjøndalen i helga. Med siger kan laget frå nord verkeleg byrje å sjå lyst på ei potensiell framtid i Eliteserien òg neste sesong etter ein god siste periode.

Etter ein mållaus 1. omgang kunne Tromsø juble for skåring. August Mikkelsen avslutta via stolpen og i mål etter mykje Tromsø-press. Etter 83 minutt punkterte Ebiye Moses kampen med 2-0-skåringa si.

– Eg synest vi er gode, vi er solide. Slepper til lite og skaper mykje. Ein solid kamp, sa TIL-trenar Gaute Helstrup til Discovery etter kampen.

– Det var godt å få Moses i gang, sa trenaren.

Tromsø tok seg opp på lik poengsum som motstandaren på onsdag og skaffa seg dermed luft til nedrykkskandidatane. Dei har ti poeng ned til Mjøndalen på direkte nedrykksplass.

Odd-trenar Jan Frode Nornes var langt frå fornøgd med kva han såg frå eige lag.

– Tromsø vinn fortent. Eg synest vi er svake. No har vi blanda oss inn i nedrykksstriden og vi har berre oss sjølve å takke, sa han.

Brødreduell

I kampen starta òg dei tre brørne Kitolano saman. Eric Kitolano starta for heimelaget Tromsø, medan John og Joshua Kitolano starta for Odd. Brørne starta òg i det omvende oppgjeret i sommar, der det var første gong sidan 1999 at tre brør starta same kamp i øvste divisjon i Noreg.

Det var altså Eric Kitolano som skulle ta sigeren mot dei to veslebrørne sine onsdag. Han var svært aktiv i oppgjeret.

Styrte

Heimelaget Tromsø tok styringa på oppgjeret og hadde ein stor sjanse til å gå opp i leiinga etter sju minutt. Odd-forsvaret heldt likevel unna for fleire avslutningar mot mål.

I løpet av 1. omgang hadde Mikkelsen gått i bakken to gonger innanfor 16-meteren utan å få gehør i kravet om straffespark.

I situasjon nummer to var Mikkelsen i duell med Joshua Kitolano der Odd-spelaren reiv i armen hans. Til slutt vart Mikkelsen felt, men dommar lét spelet gå.

Hull på byllen

I 2. omgang fekk Tromsø tidleg hol på byllen etter at dei hadde pressa gjestene i heile 1. omgang. Sakarias Opsahl varta opp med ein fin stikkar til Mikkelsen, som avslutta lågt via stolpen og i mål.

Odd klarte aldri å intensivere presset mot utlikning, og etter 83 minutt skulle dei få ein til i sekken. Runar Espejord slo inn til Moses, som på spektakulært vis hamra ballen i mål på volley.

(©NPK)

Ebiye Moses scora med ein flott volley i kampen mot Odd onsdag. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Det ser lyst ut for Tromsø med tanke på eliteseriespel også neste sesong. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB