Annonse

Trønderenergi truar med millionkrav mot vindkraftmotstandarar

Vindkraftutbygginga på Frøya blir forseinka av aktivistar, meiner Trønderenergi. No vurderer selskapet erstatningskrav i millionklassen mot enkeltpersonar.

Annonse

Vindkraftutbygginga har lenge vore ei omstridd sak i nærområdet, og det har vorte arrangert fleire demonstrasjonar mot utbygginga.

Trønderenergi meiner at nærgåande vindkraftmotstandarar i byggeområdet gjer at byggearbeidet ofte blir forseinka.

- Dei stadige forstyrringane kostar oss store pengar, og vi vurderer no framover å reise økonomiske krav mot enkeltpersonar. Vi kjenner identiteten til fleire av dei som tar seg ulovleg inn i området, og desse risikerer no å bli gjort personleg ansvarleg for dei økonomiske tapa vi lir, seier konserndirektør Stig Tore Laugen for kommunikasjon og samfunnsansvar i Trønderenergi til Adresseavisen.

Laugen seier at det truleg vil dreie seg om krav i millionklassen.

- Vi håper verkeleg at vi slepp fleire slike episodar framover, og at folk held seg unna så vi får gjort jobben vår. Så på den måten håper vi at det kan vere avskrekkande, seier Laugen.

Tidlegare denne månaden tok personar seg inn i området der vindturbinane blir bygde. Ifølgje NRK verka det som at målet var å dekke overvakingskameraa med søppelsekkar. Det skal den siste tida ha vore fleire slike episodar, som har vorte melde.

(©NPK)

I april bøtela politiet demonstrantar på Frøya. No har Trønderenergi sett seg lei på gjentatte aksjonar.
Foto: Ronny Teigås / NTB scanpix

Personar med finlandshetter har gjentatte gonger tatt seg inn i området for den omstridde vindkraftutbygginga på Frøya. Foto: Trønderenergi / NTB scanpix