Klargjør siden...
Annonse

Trondheim tapte kampen om ski-VM

(NPK-NTB): Tyske Oberstdorf er valt som arrangør av ski-VM i nordiske greiner i 2021. Trondheim nådde dermed ikkje opp.

Arrangøren av ski-VM om fem år vart kunngjort på FIS-kongressen i Cancún i Mexico torsdag kveld. Håpefulle nordmenn måtte skuffa innsjå at valet ikkje fall på Trondheim denne gongen.

Også slovenske Planica måtte sjå seg slått av Oberstdorf. For tysk skisport var det ein viktig opptur etter at austerrikske Seefeld vart valt som arrangør av VM i 2019.

Neste års ski-VM blir arrangert i Lahti, Finland. (©NPK)

Annonse