Annonse

Trondheim: – Vi er i stand til å bestemme smittevern sjølv

Om det kjem strengare nasjonale koronatiltak tysdag, opnar Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap) for å ikkje følgje dei.

Tysdag vil statsminister Erna Solberg (H) halde ein pressekonferanse om nye koronatiltak, i lys av aukande smittetal fleire stader i landet.

Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap) håpar regjeringa droppar å påleggje alle kommunane i landet fleire restriksjonar enn dei har i dag, skriv Adresseavisen.

– Det er vanskeleg å motivere folk for strengare tiltak over heile landet i ein periode der mange kommunar har låg eller ingen smitte, seier Ottervik.

For å betre kunne førebyggje smitte, håpar ordføraren på å få vite meir om folk som kjem frå utlandet. Eller oppmodar ho regjeringa til å ha tillit til handteringa frå kommunane.

(©NPK)

Vis oss tillit til å gjere tiltaka sjølv. Vi er i stand til å bestemme sjølv, seier Trondheim-ordførar Rita Ottervik (Ap). Foto: Ole Martin Wold / NTB