Trude Raad vann VM-gullet i sleggje for døve

(NPK-NTB): Gloppens Trude Raad kasta 62,62 meter i VM for døve tysdag, og det heldt til klar siger framfor tre austeuropeiske kastarar.

Gloppen-jenta fekk opp vinnarkastet sitt i den sjette og siste omgangen, men ho innleidde konkurransen med 61,40 meter og var i leiinga heile tida.

Den ukrainske sølvvinnaren Rymma Filimosjkina vart slått med 99 centimeter. Ho hadde 61,63 i sitt lengste kast. Tredjeplassen gjekk til russiske Julia Ljubtsjik med 52,39 meter.

Det var tredje gong VM for døve vart arrangert, og Raad hadde denne serien: 61,40 meter, 60,11, 60,83, 61,74, 62,18 og 62,62. (©NPK)

Annonse