Syria feirar rekordrask offensiv – medan masseflukta held fram

Syrias regime feirar nye sigrar nordvest i Syria. Samstundes prøver desperate sivile å komme seg unna kampane og finne ly for kulda.

Gjennom helga har syriske regjeringsstyrkar med støtte frå Russland og Iran tatt kontroll over eit trettital byar og landsbyar i Aleppo-provinsen.

Samtidig held offensiven fram i naboprovinsen Idlib for fullt, der den har ført til ein av dei verste humanitære krisene i den snart ni år lange krigen. Over 830.000 menneske, dei fleste kvinner og barn, har forlate heimane sine etter kvart som kampane har rykt nærare. Aldri tidlegare har så mange forlate heimane sine på så kort tid under krigen i Syria, ifølgje FN.

I storbyen Aleppo vart det likevel meldt om feiring søndag kveld. Statlege medium viste bilde av innbyggjarar med syriske flagg som dansa i gater fulle av bilar, og ein syrisk general talte på TV og lova at offensiven mot «terroristgruppene» vil halde fram.

Framrykkinga betyr at Aleppo by, som regimet tok full kontroll over for tre år sidan, ikkje lenger risikerer å bli skoten på av opprørarar.

Masseflukt i kulda

For flyktningane i Idlib verkar likevel situasjonen håplaus. Mange av dei er ved den tyrkiske grensa, der dei manglar så å seie alt i vinterkulda. Ifølgje FN søv over 82.000 menneske ute fordi det ikkje finst telt til alle. For få dagar sidan fall det snø i området. Grensa til Tyrkia er stengd. Landet har allereie tatt imot over 3 millionar syriske flyktningar.

– Det som no skjer i Idlib, er noko av det verste vi har sett i krigen i Syria med tanke på talet på menneske som er direkte rørte, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær i Noregs Røde Kors.

Han understrekar at sivile skal vernast, men at det er vanskeleg å skilje mellom dei som deltar i kampane og dei som ikkje gjer det, når krigen føregår i byane.

Søreide bekymra

Både Tyrkia, USA og FN har bedt om ei våpenkvile i området. Også Noreg bad måndag om stans i kamphandlingane.

– Eg er svært bekymra over den auka spenninga og opptrappinga av konflikten i Idlib i Syria. Sivilbefolkninga blir hardt ramma, og det er utfordrande å få humanitær tilgang til delar av provinsen, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

– Eg oppmodar partane til å stanse kamphandlingane og til å gi humanitær tilgang, legg ho til.

USAs president Donald Trump har uttrykt bekymring for situasjonen. Han ber Russland, som gir Assad-regimet luftstøtte, slutte å støtte det han omtaler som «fryktelege» handlingar frå det syriske regimet, ifølgje Det kvite hus.

Tyrkiske truslar

Tyrkia, som under krigen har tatt opprørarane si side, har sendt tusenvis av soldatar over grensa for å hindre offensiven til regimet. Det har ført til enkelte samanstøytar med syriske styrkar. Minst 14 tyrkiske soldatar er drepne, men det er ingen teikn til at offensiven vil stanse trass i fleire tyrkiske truslar om motangrep.

Opprørarar, og mange er ytterleggåande islamistar, er no trengd saman på eit stadig mindre område i provinsen Idlib.

I tillegg kontrollerer dei framleis ei lita stripe land vest i Aleppo-provinsen, og dessutan område ved den tyrkiske grensa som dei har erobra frå kurdarane saman med tyrkiske styrkar.

Samtalar i Moskva

Tyrkia sende i helga nye forsterkningar til området som Tyrkia og Russland for to år sidan var samde om skulle fungere som ein «nedtrappingssone» i Syria, melder eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Tyrkia og Russland har dei siste åra hatt eit tett samarbeid for å finne løysingar, men den siste tida har dei ikkje greidd å bli samde om ein veg ut av krisa i Idlib.

Måndag reiser ein tyrkisk delegasjon til Moskva for å drøfte situasjonen. Førre veke besøkte russiske utsendingar Ankara, utan at det har resultert i nokon avtale.

Same dag flytta syriske soldatar på vegsperringar som var sett opp av opprørarar i byar og tettstader dei har hatt kontroll over det siste døgnet. Samtidig heldt kampane fram nordvest for Aleppo by, melder SOHR.

(©NPK)

Sivile syrarar flyktar nordover mot den tyrkiske grensa. Bildet vart tatt laurdag. Foto: AP / NTB scanpix

Sivile frå Idlib prøver å kome seg i tryggleik. Foto: AP / NTB scanpix

Syrarar feirar regjeringshæren si framrykking i provinsen Aleppo. Bildet er publisert av det statlege syriske nyheitsbyrået Sane. Foto: Sana via AP (NTB scanpix)

Syriske regjeringssoldatar viser sigersteikn i Rashideen i Aleppo-provinsen. Foto: AP / NTB scanpix

Syriske sivile flyktar nordover frå Idlib for å søke tryggleik nærare grensa til Tyrkia. Foto: AP / NTB scanpix