Trump følgjer ikkje med på riksrettshøyringane
President Donald Trump ser ikkje på TV-sendinga frå riksrettshøyringa i Kongressen, opplyser talskvinna hans, Stephanie Grisham.
Onsdag starta TV-sendingane frå dei første opne høyringane i riksrettsgranskinga av Trump. Men presidenten sjølv tok seg ikkje tid til å sjå på.
- Han er i det ovale kontoret, der han sit i møte. Han arbeider, seier Grisham.
Trump skulle seinare på onsdagen møte Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan.
(©NPK)
Donald Trumps pressetalskvinne Stephanie Grisham (t.v.) seier at presidenten ikkje følgjer med på TV-sendingane frå riksrettshøyringane i Kongressen. Foto: AP / NTB scanpix