Annonse

Trump: Golanhøgdene tilhøyrer Israel

President Donald Trump vil anerkjenne Golanhøgdene, som Israel okkuperte frå Syria i 1967, som ein del av Israel.

- Etter 52 år er det på høg tid at USA fullt ut anerkjenner Israels suverenitet over Golanhøgdene, som er kritisk strategisk og tryggleiksmessig viktig for staten Israel og stabiliteten i regionen, skriv Trump på Twitter.

Tryggingsrådet i FN har, med støtte frå USA, gjentatte gonger slått fast at Golanhøgdene er ulovleg okkupert og kravd israelsk tilbaketrekking.

Golanhøgdene er eit 1.200 stort høgdedrag sørvest i Syria, men store delar av området vart okkupert av Israel under Seksdagarskrigen.

Israel har etablert drygt 30 busetjingar i området, der det no bur rundt 20.000 busettarar. Dette er i strid med Folkeretten.

«Okkupantmakten skal ikke deportere eller forflytte deler av sin egen sivilbefolkning til territoriene som okkuperes», heiter det i artikkel 49 i den fjerde Genèvekonvensjonen.

Syria prøvde å ta tilbake Golanhøgdene i 1973, og året etter vart det inngått våpenkvile som framleis blir overvaka av ein fredsbevarande styrke frå FN.

(©NPK)