Trump: Har ikkje noko imot ei lang riksrettssak

President Donald Trump seier han ikkje har noko imot at ei riksrettssak i Senatet mot han blir langvarig.

I ein kommentar til pressa fredag sa han at han ønsker å sjå kven som er varslaren som førte til at Demokratane starta riksrettsgranskinga mot han, melder Reuters.

Det skal ha vore ein CIA-analytikar som først varsla om telefonsamtalen som Trump hadde med Ukrainas president i sommar.

Identiteten til varslaren har ikkje vorte offentleg kjend, og Trump har fleire gonger bede om at identiteten må bli kjend.

(©NPK)

President Donald Trump seier han håpar identiteten til personen som først varsla om Trumps samtale med Ukrainas president i sommar, må bli offentleggjort. Foto: AP / NTB scanpix