Annonse

Trump hevdar IS-områda i Syria er tatt tilbake

President Donald Trump hevdar igjen at IS no er heilt nedkjempa i Syria, men kampane om Baghouz heldt fram fredag.

Talskvinne for Trump Sarah Sanders opplyste fredag at «100 prosent» av dei tidlegare IS-kontrollerte områda i Syria er tatt tilbake av USA-støtta styrkar og sa at Trump var orientert av fungerande forsvarsminister Patrick Shanahan om dette.

Like etter sa Trump det same og viste journalistar kart over regionen.

Trump har i fleire dagar hevda at den endelege sigeren over IS i Syria var rett rundt hjørnet, og ifølgje Sanders er sigeren no eit faktum.

Fredag fortsette likevel dei USA-støtta SDF-opprørarane offensiven mot Baghouz-området nordaust i Syria, nær grensa til Irak.

Ifølgje journalistar på bakken kontrollerer den ytterleggåande islamistgruppa IS framleis ein liten del av landsbyen, der det kunne høyrast granatskot og sjåast røyk fredag ettermiddag.

Ein av dei øvste leiarane i SDF, Jia Furat, opplyste tidlegare på dagen at det framleis gjekk føre seg kampar mot IS på fleire frontar i området.

- Kampane er harde, og IS viser at dei aktar å halde ut så lenge som mogleg, heitte det i ei kunngjering frå SDF.

(©NPK)

Kampane om Baghouz i Syria heldt fram fredag ettermiddag, sjølv om president Donald Trumps talskvinne Sarah Sanders hevda at IS no er heilt nedkjempa. Dette bildet av USA-støtta SDF-opprørarar vart tatt måndag. Foto: AP / NTB scanpix