Annonse

Trump: Huawei kan bli omfatta av handelsavtale med Kina

President Donald Trump seier det er ei god moglegheit for at USA og Kina inngår ein avtale som avsluttar handelskrigen, og som også er ein avtale om Huawei.

Annonse

- Viss vi inngår ein avtale, så kan eg førestille meg at Huawei blir inkludert i ei eller anna form eller i ein del av handelsavtalen, sa Trump til pressa torsdag.

Fråsegna kom samtidig som han kunngjorde at det vil bli gitt meir hjelp til amerikanske bønder som blir skadelidande som følgje av handelskrigen med Kina.

USA eksporterer store mengder jordbruksprodukt til Kina, ikkje minst soyabønner. Men no er eksporten ramma av kraftig nedgang på grunn av handelskrigen.

Den kinesiske mobilgiganten Huawei har vorte svartelista av Trump-administrasjonen. Huawei-produkt er uønskte i USA, og det er òg varsla eit forbod mot å eksportere teknologi til selskapet. Utestenginga frå den amerikanske marknaden har vorte grunngitt med at Huawei utgjer ein nasjonal tryggingsrisiko for USA.

(©NPK)

President Donald Trump informerer om at amerikanske bønder skal få meir i støtte på grunn av handelskrigen med Kina. Foto: Andrew Harnik / AP / NTB scanpix