Trump indikerer at han ikkje planlegg angrep mot Iran

USAs president Donald Trump seier at han ikkje planlegg luftangrep mot Iran, men at det ville vore «enkelt» for han å gjere det.

- Det enklaste eg kunne gjort var å slå ut 15 ulike store ting i Iran, sa presidenten under eit pressemøte i Det kvite hus fredag ettermiddag.

- Eg kunne ha gjort det akkurat her, rett framfor dykk, heldt Trump fram.

Men så sa han vidare at han meiner at det viser større styrke å la vere å gjere militære angrep, og å i staden vere litt tilbakehalden.

- Iran veit at om dei ikkje oppfører seg, så er dei på lånt tid, sa presidenten.

Tidlegare fredag innførte USA nye sanksjonar mot Irans sentralbank, som presidenten kalla «dei største nokosinne» éi veke etter at oljeinstallasjonar i Saudi-Arabia vart angripne. Både USA og Saudi-Arabia har skulda Iran for å stå bak oljeangrepet, noko Iran har avvist.

(©NPK)