Annonse

Trump krev at Ford og GM straks legg om produksjonen

Trump krev at dei store bilfabrikkane i USA legg om og startar produksjon av pustemaskiner.

Annonse

I fleire fritalande twittermeldingar kravde presidenten fredag at General Motors straks måtte opne den nedlagde fabrikken sin i Lordstown, Ohio, eller ein annan fabrikk på nytt, for å komme i gang med produksjon av respiratorar.

Og til Ford var bodskapen like klart:

– Ford, kom i gang med pustemaskinene, og det kjapt!

Alt i kjend stil, med store bokstavar og mange utropsteikn.

Trekte seg ut

Ifølgje The New York Times hadde Det kvite hus planlagt å kunngjere ei felles satsing mellom GM og selskapet Ventec Life Systems for å produsere 80.000 pustemaskiner. Frå fleire hald i USA har det komme desperate rop om hjelp, då mangelen på respiratorar er stor og talet på pasientar med pustevanskar aukande.

Det inngjekk i planane at GM skulle oppruste ein nedlagt bilfabrikk, men dette gjekk skeis i siste augneblinken då konsernet vart klar over at utlegget ville liggje på rundt 1 milliard dollar, skriv avisa.

Men Trump heldt fredag fram med å komme med løfte om at nye pustemaskiner er på veg.

Fleire kjem

– Vi har akkurat skaffa mange respiratorar frå nokre fantastiske selskap. Talet på og namn vil bli kunngjort seinare, skreiv han i endå ei twittermelding.

Guvernøren i New York, Andrew Cuomo, har fleire gonger bønnfalle regjeringa om å skaffe fleire pustemaskiner til millionbyen, episenteret til koronaviruset i USA.

Cuomo sa torsdag at pandemien truleg ikkje vil nå toppunktet før om ein tre vekers tid, og at behovet for respiratorar er enormt.

Men Trump meinte i eit intervju med Fox News seinare på kvelden at Cuomos krav om 30-40.000 nye maskiner er overdrive og ikkje i tråd med verkelegheita.

(©NPK)

President Donald Trump krev at amerikanske bilprodusentar legg om og straks byrjar å lage pustemaskiner.
Foto: AP/NTB scanpix