Trump møter Xi under G20-toppmøtet

President Donald Trump seier han skal ha eit utvida møte med den kinesiske presidenten Xi Jinping når dei to møtest på G20-møtet i Japan i slutten av juni.

Trump skriv på Twitter at han snakka med Xi på telefon tysdag, ein samtale han omtaler som «veldig god», og at forhandlingsgrupper frå begge land vil innleie samtalar i forkant av toppmøtet.

Det har den siste tida vorte spekulert på om dei to presidentane ville møtast i samband med G20-toppmøtet som blir halde i Osaka i Japan 28. og 29. juni.

Etter Trumps melding steig både oljeprisen og aksjekursen på Wall Street med håp om at USA og Kina kan finne ei løysing på handelskrigen.

(©NPK)

President Donald Trump seier han skal møte Kinas president Xi Jinping under G20-møtet i Japan i slutten av juni. Her er dei to på G20-toppmøtet i 2017, flankert av Tysklands statsminister Angela Merkel og Storbritannias statsminister Theresa May. Foto: Tore Meek / NTB scanpix