Trump ønsker raskare utsending av folk utan lovleg opphald

Trump-regjeringa i USA vil gjere det mogleg å kaste ut mange fleire innvandrarar utan lovleg opphald utan å gå vegen om domstolane.

Rask utsending av ulovlege innvandrarar, utan rettsleg behandling, har så langt vore avgrensa til folk som blir arrestert rett etter å ha kryssa grensa frå Mexico.

Måndag opplyste regjeringa at denne ordninga blir kraftig utvida. Innvandringsstyresmaktene vil frå no av kunne kaste ut omtrent alle utan lovleg opphald så lenge dei ikkje har vore lengre enn to år i USA - uansett kvar i landet dei blir arresterte.

Meininga er at dette skal gå raskare enn å behandle sakene i rettsvesenet, ifølgje Kevin McAleenan, USAs fungerande minister for innanlandsk sikkerheit. I innvandringsdomstolane kan det gå fleire år før sakene er ferdigbehandla.

Menneskerettsorganisasjonar reagerer sterkt på endringa, som dei fryktar vil svekke rettsvernet til innvandrarar.

Grace Meng i Human Rights Watch beskriv endringa som massiv, farleg og som ei oppskrift på å splitte tusenvis av familiar.

Den nye praksisen blir gjort mogleg av ei lov som vart vedtatt i 1996.

(©NPK)

Ein antatt ulovleg innvandrar arrestert av amerikansk politi i Escondido i California tidlegare denne månaden. Foto: Gregory Bull / AP / NTB scanpix