Trump scorar lågt på meiningsmåling trass gode økonomital

Seks av ti amerikanarar er misnøgde med Donald Trumps innsats som president, sjølv om USAs økonomi går bra, viser ei ny meiningsmåling.

Berre 36 prosent av dei spurde er positive til måten Trump handterer jobben på, medan 62 prosent er negative, ifølgje AP-NORC-målingen.

Målinga viser at 46 prosent av dei spurde er positive til handteringa til presidenten av økonomien - 5 prosentpoeng lågare enn for eitt år sidan. Men han får langt lågare score når det gjeld handteringa av andre viktige saker.

Den låge oppslutninga blir knytt til Trumps handtering av fleire viktige saker: Innvandring, helsepolitikk, utanrikspolitikk og våpenkontroll.

Tala er ikkje spesielt gode for ein president som er i den første perioden sin, og som søker attval om 14 månader.

Stagnert støtte?

Samtidig er det oppsiktsvekkande at oppslutninga om Trump er såpass stabil. Det kan tyde på at støtta amerikanske veljarar har til Trump har stagnert på eit relativt lågt nivå etter to år prega av politiske kriser, omstridde Twitter-meldingar og hard kritikk frå dei som meiner Trump splittar USA.

Støtta til Trump har verken falle til under 32 prosent eller stige til over 42 prosent i tilsvarande målingar sidan han vart president for to og eit halvt år sidan.

Til samanlikning fall støtta til Barack Obama aldri under 40 prosent medan han var president.

Våpenkontroll

Meiningsmålinga vart gjort kort tid etter at fleire tital menneske vart drepne i masseskytingar i Texas og Ohio, noko som igjen førte til krav om skjerpa våpenkontroll.

Trump lova kort tid etter å ta grep, men han har sidan vingla når det gjeld spørsmålet om betre bakgrunnssjekk av personar som kjøper våpen.

Ifølgje målinga er 36 prosent tilhengarar av Trumps våpenpolitikk, medan 61 prosent er imot.

Sju av ti republikanarar uttrykker støtte til Trumps våpenpolitikk, noko som er lågt samanlikna med tidlegare målingar. Men når det gjeld andre saker, er Trump framleis svært populær i sitt eige parti.

Nesten åtte av ti republikanarar er fornøgde med innsatsen hans. Blant demokratar er eit stort fleirtal på 94 prosent misnøgde, slik dei òg har gitt uttrykk for i tidlegare målingar.

Blant uavhengige er om lag to av tre misnøgde med Trumps innsats.

Meiningsmålinga vart utført frå 15. til 19 august og omfattar 1.058 informantar. Feilmarginen er pluss minus 4,2 prosent.

(©NPK)

Ei ny meiningsmåling viser at seks av ti amerikanarar er misnøgde med innsatsen til president Donald Trump. Blant republikanarane er derimot åtte av ti fornøgde. Foto: Carolyn Kaster / AP / NTB scanpix