Annonse

Trump seier PKK kan vere ein «større terrortrussel» enn IS

Den kurdiske PKK-geriljaen i Tyrkia kan vere «ein større terrortrussel enn IS», seier president Donald Trump i USA.

Utsegna fall under ein pressekonferanse i Det kvite hus onsdag.

Den kurdiske opprørsgruppa i Tyrkia har i fleire tiår stått bak aksjonar i landet, og blir rekna som ein terrororganisasjon både av Tyrkia, USA og EU. Tyrkia meiner gruppa har nære band til syriskkurdiske YPG-militsen, som fram til no har vore dei næraste allierte med USA i kampen mot ekstremistgruppa IS.

YPG-einingar har inngått i den amerikanskstøtta gruppa Syrian Democratic Forces.

Trump nekta òg for å ha gitt president Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia grønt lys til å starte militæraksjonen landa no har sett i gang nord i Syria.

- Russland, Iran, Syria og kanskje i litt mindre grad Tyrkia, alle hatar IS like mykje som vi gjer. Og det er delen deira av verda, sa Trump, som føydde til at han i valkampen lova å stanse krigane til USA i utlandet.

Soldatane til USA i området har fått ordre om å trekke seg ut etter at NATO-landet Tyrkia starta offensiven sin nord i Syria. Trump har òg uttalt seg kritisk om kurdarane, og tidlegare onsdag sa han at kurdarane «ikkje er englar».

- Dei kjempar for landet sitt. Og som nokon skreiv i ein veldig, veldig mektig artikkel i dag, så hjelpte dei oss ikkje under andre verdskrigen. Dei hjelpte oss ikkje med Normandie, til dømes, uttalte Trump for ei veke sidan.

Kurdarane er ei stor etnisk gruppe i Midtausten og har ingen eigen stat, men er spreidde over Tyrkia, Iran, Irak og Armenia.

(©NPK)

President Donald Trump under ein pressekonferanse i Det kvite hus onsdag. Foto: Evan Vucci / AP / NTB scanpix